Totalt antall sidevisninger

onsdag 4. juli 2012

Bloggbekjentskap

 Gjennom blogginga blei eg oppmerksom på RE-SIGNERT, den fine bloggen Signe står bak. Etter at ho flytta til bygda mi er vi blitt betre kjente. Sist helg drog vi på tur ilag. Biltur med termos og niste. Over fjorden med ferja. Fyrste stopp gjorde vi på gamleskulen på Hatlestrand. I kjellaren der er det ein FANTSTISK bruktbutikk! 
 Her er nokre av skattane eg kom heim med.
 Men målet for turen var Kinck-tunet i Strandebarm. Der skulle opnast utstilling og ein av deltakarane der er Anne Lise Johnsen, dama bak denne bloggen.
 Her er alle kunstnarane som deltok, Anne Lise er nr tre frå venstre.
Det var veldig kjekt å treffa Anne Lise. Eg syns jo at vi har ein god tone gjennom blogginga og det føltes på ein måte som om vi var gamle kjente då vi møttest.Så det var veldig kjekt å ta med ein av desse fine koppane heim over fjorden - som eit fint minne frå ein fin dag og eit triveleg møte.

4 kommentarer:

24 sa...

så koslig, nye bekjentskap er alltid kjekt :)
og fine kopper i det nederste bilde du viser.
ha ein fin dag

henriette

Anita sa...

Hi,hi moro å høyra at andre har oppdaga "Cirkeline". Har berre lurt på kor lang tid det tar før nokon i bloggverden fant den. Som oppvoksen på Hatlestrand er eg innom der ein tur kvar helg eg er "heima". Finne mykje kjekt der om ein tar seg tid.

Anne Lise Johnsen sa...

Det var veldig hyggelig at dere tok veien over fjorden!! Den fine nøkkelringen jeg fikk av deg skal jeg vise fram på bloggen etterhvert :) Nå er jeg i Trøndelag hos familien og "stjeler litt nettverk" hjemme hos søstra mi. Vi blogges :)

re:signert sa...

Å det var stas å være med på tur. Takk. Herlig å bli kjent med deg. Flere roadtrips med termos, JA TAKK!!!!Signe