Totalt antall sidevisninger

torsdag 9. mai 2013

Fin, gammal årgong...


 I dag fann eg fram denne gamle strikkejakka etter pappa. Mamma strikka den til han, truleg på 50-talet og den var sikkert mykje i bruk, for pappen min var ein skikkeleg koftemann! Han døydde i 1980 og då arva eg den,. Brukte den mykje utover på 80-talet, men så har den hengt i skapet i mange år. No fann eg ho fram fordi ein av yndlingsbloggarane mine, LivsLyst stadig er på koftejakt. Ja, eg har sendt bilde! No trur eg jammen jakka kjem i bruk igjen. Kan vera god og ha på seg på sånne vårdagar vi har no....


torsdag 2. mai 2013

Nett som ny!

 Jammen blei det ein lang bloggpause gitt! Men eg har hatt andre ting å putla på med - for å sei det sånn. Bl.a. har eg vore på møbeltrekkingskurs med GUNN frå GALLERI MØBELSTOFF i Haugesund. Fantastisk kjekt! Den damo kan sine ting allså!
 Svigerfar sin go`stol er blitt nett som ny!
No er den blitt stolen for gitarspeling...

...eller avslapping med beino litt høgt på loppemarknadspuffen...

...og med eit av resultata frå dette prosjektet i ryggjen!

torsdag 21. mars 2013

Meir påskepynt

 I dag var det ein klasse som gjorde ein flott innsats til auke av PÅSKEPYNTEN med desse fine kyllingane og malte egga. Egga må nok få opphengstråd i morgon, før dei blir frakta varsamt heim.
GOD PÅSKE TIL ALLE!

onsdag 20. mars 2013

Snart påske!





Fann ut at det var lenge sidan eg hadde hatt eit skuleinnlegg. I dag kunne heile 5. klasse stolt visa fram ei stor samling svært så søte PÅSKEHARAR. To duskar i ulike stoleikar, laga etter god, gammal oppskrift, blei sett saman og med øyrer av filt, augo og knappenase med strengværhår, blei dei så søte som berre det! Alle med sin eigenart og sjarme.
Håpar det blir mange godord i heimane rundtom når desse skal pynta opp til PÅSKE. Eg blir iallefall gad når eg ser dei fine resultata. Kosar meg på jobb eg!
 


 
  





tirsdag 26. februar 2013

Fargerikt og litt eksotisk....

Kunne ikkje la vera å ta dette bilde med i dag. Fordi om eg har lagt ut bilder teke frå nett samme posisjonen (i altandøra...)mange gonger før, så syns eg dette var heilt MAGISK!!! Enig?

Kanskje fargane frå himmelen derute inspirerer meg for tida? Ja, eg har slått meg på hekla "dynetrekk-korger" no - jaja, det er iallefall blitt to...her plassert saman med HJERTE frå  "dill og dall og sånt"

Har strikka nokre gryteunderlag av stoffremser også. Kan ver litt kjekke venninde-gåver å ha på lur - saman med ein oppvask-klut i passande farge.

Må berre visa to bilder med våre nye "venner". Dette fyrste er teke for nokre dagar sidan då hjortane prøvde å få kontakt med sauene våre. Nesten som dei spør om det er mulig å få seg ei tugga mat....

I dag var dei invitert inn i varmen...Eg tok bilde frå altanen og dei syns viss ikkje det var noko grunn til å bryta opp frå måltidet fordi om eg kom! Lurer på kor mange dagar det tek før eg kan bort til gjærdet og klappa dei? Fine dyr er det iallefall. Bonden er litt spent om han fòr nok til våren er her....

tirsdag 12. februar 2013

Bokmerkedag

Då har eg hatt meg ein raptus på symaskina. Det blei ein liten haug med bokmerker. Likar så godt å setja saman små stoffbitar i ulike fargar. Har ei stor korg der eg samlar småbitar - så små at eg eigentleg burde kasta dei, men er ein stoffoman så er ein stoffoman....
Litt perlepynt gjer susen....
Her ligg merke i "SY OM"-boka til Jenny Skavland. Ei fin og inspirerande bok allså! Ho kan det den damo!

Planen er å ha ei skikkeleg mengde når eg tek dei med på ein marknad. Inntil eg har det, ligg dei i presangskuffa mi.

søndag 10. februar 2013

Filler og fjell...


Resultat av fjernsynshekling ein kveld denne veka blei ei korg.


Dei mest sletne, men fargefine dynetrekka blir revne opp i filler og brukt på ulike måtar.
Kanskje eg viser nokre andre ting ein annan dag.


Denne korga passa fint til oppbevaring for "pønten " min - brosjer og nåler som eg kan fresja meg litt opp med på mitt som oftast svarte kostyme.


På ein søndag formiddag har enno ikkje sola nådd plassen vår, men vi kan nyta synet av solstrålene på Melderskin og Laurdalstind.

Fin søndag til alle som kikkar innom! Håpar det er fleire enn meg som får servert
fastelavensbollar i dag.....