Totalt antall sidevisninger

torsdag 10. mai 2012

Meir bad

 Gjekk litt fort i svingane då eg skulle laga innlegg til NIB-konkurransen "Nytt møter gammelt" så eg fylle litt på i dag òg med meir bad. Viser her det fine skapet eg fekk til 50 års dagen min laga av eit gammalt vindu.For ca. 25år sidan sydde eg om ei vadmelsbukse til nikkers for ein kompis og då skulle eg få skap igjen. Kom allså til bursdagen min i fjor og eg blei kjempeglad! Det står oppå eit skap eg har hatt med meg sidan eg var liten. Hadde det i leikehytta mi.
 Hjerta har eg kjøpt hos Nina med bloggen "Dill og dall og sånt". Den rosa og oransje nåla har "AlmaPalma" laga. Er veldig glad i begge desse!
 Akvarellen fann eg på den årlege STORE loppemarknaden for nokre år sidan. Syns jenta har så fint uttrykk.

 Har to tørkise krakkar på badet som òg er loppis-funn. Lika da!-Kanskje litt for godt om du spør "Bonden"....

2 kommentarer:

Frøken og Fru sa...

kjempe flotte krakkar og bad :)

nydlige bilder du deler.
Ha ein fortsatt fin kveld.

Henriette.

Edny sine puslerier sa...

Det ser ut til å være et deilig bad! Herlige bilder;)