Totalt antall sidevisninger

tirsdag 26. februar 2013

Fargerikt og litt eksotisk....

Kunne ikkje la vera å ta dette bilde med i dag. Fordi om eg har lagt ut bilder teke frå nett samme posisjonen (i altandøra...)mange gonger før, så syns eg dette var heilt MAGISK!!! Enig?

Kanskje fargane frå himmelen derute inspirerer meg for tida? Ja, eg har slått meg på hekla "dynetrekk-korger" no - jaja, det er iallefall blitt to...her plassert saman med HJERTE frå  "dill og dall og sånt"

Har strikka nokre gryteunderlag av stoffremser også. Kan ver litt kjekke venninde-gåver å ha på lur - saman med ein oppvask-klut i passande farge.

Må berre visa to bilder med våre nye "venner". Dette fyrste er teke for nokre dagar sidan då hjortane prøvde å få kontakt med sauene våre. Nesten som dei spør om det er mulig å få seg ei tugga mat....

I dag var dei invitert inn i varmen...Eg tok bilde frå altanen og dei syns viss ikkje det var noko grunn til å bryta opp frå måltidet fordi om eg kom! Lurer på kor mange dagar det tek før eg kan bort til gjærdet og klappa dei? Fine dyr er det iallefall. Bonden er litt spent om han fòr nok til våren er her....

tirsdag 12. februar 2013

Bokmerkedag

Då har eg hatt meg ein raptus på symaskina. Det blei ein liten haug med bokmerker. Likar så godt å setja saman små stoffbitar i ulike fargar. Har ei stor korg der eg samlar småbitar - så små at eg eigentleg burde kasta dei, men er ein stoffoman så er ein stoffoman....
Litt perlepynt gjer susen....
Her ligg merke i "SY OM"-boka til Jenny Skavland. Ei fin og inspirerande bok allså! Ho kan det den damo!

Planen er å ha ei skikkeleg mengde når eg tek dei med på ein marknad. Inntil eg har det, ligg dei i presangskuffa mi.

søndag 10. februar 2013

Filler og fjell...


Resultat av fjernsynshekling ein kveld denne veka blei ei korg.


Dei mest sletne, men fargefine dynetrekka blir revne opp i filler og brukt på ulike måtar.
Kanskje eg viser nokre andre ting ein annan dag.


Denne korga passa fint til oppbevaring for "pønten " min - brosjer og nåler som eg kan fresja meg litt opp med på mitt som oftast svarte kostyme.


På ein søndag formiddag har enno ikkje sola nådd plassen vår, men vi kan nyta synet av solstrålene på Melderskin og Laurdalstind.

Fin søndag til alle som kikkar innom! Håpar det er fleire enn meg som får servert
fastelavensbollar i dag.....

mandag 4. februar 2013

Søndagsbilder

Søndag - regn og rusk. Blei ingen tur, berre sofakos og god mat! Ikkje å forakta det heller...
Siste putebilde denne veka. har hatt ein raptus, og det blei fem....

fredag 1. februar 2013

Fargerikt ute - fargerikt inne...

Sola la "gull" over landskapet i dag -


Inne kom også fargane til sin rett!

God helg til alle som kikkar innom!

torsdag 31. januar 2013

Når sola går ned i vest....

Såååå deilig når sola er tilbake her i Hålandsbråtet. Etter at ho er vekke i sju veker og kjem tilbake 23. (eller 24.) januar, nyt eg kvar stråle vi får! I dag var ho her heilt til kl.16.30.

Tenkjer dei nyt det på Kletta òg!
Men når sola då er gått ned, kjem arbeidslysta hos meg...
Desse sydde eg i går kveld. Er bestelte. Spørs om dei passar inn då! Må nok på prøving i helga.

søndag 27. januar 2013

Kjøkendetaljar




Lyseblått kjøken med opne kjøkenhyller.
Koppane mine er ei salig blanding av keramikk og porselen...

...og ellers er hyllene fulle av arv og loppemarknadsfunn.


Mykje pastellar her ser eg!