Då har eg hatt meg ein raptus på symaskina. Det blei ein liten haug med bokmerker. Likar så godt å setja saman små stoffbitar i ulike fargar. Har ei stor korg der eg samlar småbitar - så små at eg eigentleg burde kasta dei, men er ein stoffoman så er ein stoffoman....
Litt perlepynt gjer susen....
Her ligg merke i "SY OM"-boka til Jenny Skavland. Ei fin og inspirerande bok allså! Ho kan det den damo!
Planen er å ha ei skikkeleg mengde når eg tek dei med på ein marknad. Inntil eg har det, ligg dei i presangskuffa mi.
1 kommentar:
Kreativ som få, du Marian! Heldige dei som får slik å gåve!
Ha ein fin fin tysdag!
Klem frå Solveig
Legg inn en kommentar