Totalt antall sidevisninger

tirsdag 8. februar 2011

OPPBEVARING



Eg har forstått det slik at NIB ( Norske interiørbloggere) oppfordrar til å visa bilde av oppbevaringsløysingar i februar. Ein konkurranse som varte fram til 7. februar og som eg då er for sein til å vera med på, men eg vil vera med likavel! -På min måte!
Eg har søkt medlemskap i NIB og fekk svar om at søknaden kom til å bli behandla innan ei viss tid og at eg ikkje kom til å få svar viss eg blei teken opp men viss eg IKKJE fekk godkjent medlemskapet skulle eg få melding! - HJELP! Er eg medlem? - Er eg ikkje medlem? Kan eg berre henta inn logoen og leggja den på sida mi? Korleis gjer ein det? Det er eigentleg mykje eg lure på i denne bloggverda....Eg skal sjekka ut litt meir når eg berre har fått klart innlegget. Ja, eg skjønnar at det virkar litt bakvendt, men måtte berre få ut litt frustrasjon.


Men til saken: Øverst på hylla med stoff på syrommet har eg samla ein del av korgene mine. Oppi dei har eg bl. a. blonder, band, gåver-på-lur ,verktøy og brodergarn.


I vinduskarmen har eg glas med knappar og på sybordet smågodt-boksar med sytråd. Desse boksane har eg lyst å byta ut, men eg må finna eit godt alternativ fyst!






Neste gong du er innom ligg kanskje logoen til NIB her - kanskje....




1 kommentar:

E sa...

Dette ser ut som ein inspirerande verkstad! :-)