Totalt antall sidevisninger

fredag 11. februar 2011

BESTE LOPPEMARKEDKJØP OG LITT TIL...



Blandt mine aller beste loppemarkedkjøp trur eg denne fillerya må vera!


Fann den for eitt par år sidan på det store loppemarkedet som pleier å vera annan kvart år på fruktlageret på Nå. Gler meg til årets , veit ikkje enno kva tid...

Syns det er så nydelege fargar - tørkis, rosa, besj og blå. Lika da!


Etter at eg hadde fått ut tepper og ryer på altanrekkverket, tok "bonden", bikkja og eg oss ein tur i nærområdet - dvs. til Træo gjennom Baronihagen og heim. Treng ikkje gå lenger
for å ha ein fin tur!


Fredagsvasken gjekk som ein leik den, då vi var kommen heim! Er ikkje så veldig glad i å vaska då, så litt ekstra motivering må alltid til.....





Eg har fått ei utfordring hos Solveig:

som eg berre må hiva meg på. Den går ut på å svara på sju spørsmål og dei, + svara då, kjem her:

1: Ta opp næraste bok, slå opp på s.18, linje4. Kva står der?
Øverst i ein bokstabel på sida av datamaskina, ligg Lars Amund Vaage si "Skuggen og dronninga" som eg nett har fått i forsinka 50 års presang. Eg slår opp og les:

"Skjemst du over Sara?" spurde Inger. "Var det derfor du.....

2: Det siste du såg på fjernsynet?
Eg avslutta NRK si "Gullrekke" med Kveldsnytt. Måtte ha med meg siste nytt frå Egypt og om den tragiske rasulykka i Eikjedalen....

3: Bortsett frå datamaskina - kva høyrer du då?
Eigentleg berre ein svak dur frå varmepumpa. Den blei fredagsreingjort av "bonden" så då er duren minimal!

4: Når var du sist ute - og kva gjorde du då?
I går kveld var vi på Husnes på opning av årets kulturfestival. Vår gode nabo, Dag Sørensen opna utstilling og det måtte vi ha med oss.

5: Kva har du på deg?
Er som vanleg ganske grå i habitten; langarma grå gensar med ein grå tunika utanpå og dongeribukse. På beina har eg desse utruleg gode tøflene som er på sista bilde. Kjøpte dei på http://www.julirosendal/ hos Åshild Nordahl .Vi er faktisk fleire i familien som slost om dei...."Nåken" må ha dei på ønskjelista til neste jul....

6: Kva var den siste filmen du såg?
Trur det var reprisen på Max Manus som gjekk på fjernsynet for ikkje lengje sidan.

7: Skulle du kunna overveia å flytta til utlandet?
Ja, absolutt for ei stund! Kan ikkje sei anna enn at turen til New Zealand frista til eit litt lengre opphald...

UTFORDRINGA GÅR VIDARE TIL DESSE KJEKKE BLOGGANE:

6 kommentarer:

Mira sa...

Nydelig fillerye!

Bur du der trenger du ikkje gå så langt! For da bur du fint!

Blir med til NZ eg.

God Helg til deg fra meg.

emblas-kanel sa...

Det er så koselig med gamle filleryer. Er så heldig å ha noen som mamma har laget.
Gratulerer med award :-)
Ha en fin lørdag.
Klem fra Eva

Mira sa...

Me var på sørøya, Mannen min er forsker å hadde et oppdrag ved universitetet i Lincoln, ikkje så langt fra Christchurch.

Eldste sønnen min begynte på skolen der som 5 åring. Me kjøpte bil mens me var der, og kjørte på tur både nordover og sørover. Har sett meir av NZ enn eg har av Norge faktisk. Akaroa var et favoritt utfluktsted.

Ha ein fin lørdag videre! Skal ut i solo ein tur! Klem,

Petrine sa...

Hei !

Koselig at du vil vere med på Giborten min ! I morgon braker det laust med trekninga ! Vert artig det :)

Du har ein koselig blogg og eg kjem heilt sikkert til å stikke innom seinare òg :)

-Petrine-

Sonja frå Sunnfjord sa...

Flott turterreng! Må jo berre samle energi ved å rusle rundt i det flotte landskapet:)
Må innrømme at eg såg den utfordringa, men var ikkje heilt sikker på om du meinte meg... hehe! Kan vere litt forvirrande å ha forskjellig namn på blogg og bloggadresse.
Eg har kun svart på ei utfordring, og bestemte meg etterpå for å prioritere kommentering og laging av vanlege innlegg. Men eg er sjølvsagt glad for at du tenkte på meg:)
Klem frå Sonja

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så flott loppefunn. Nydelege fargar!:) Og tusen takk for at du tenkte på meg ang utfordringa! No er eg veldig dårleg på å sende slike vidare. Har rett og slett ikkje tida i min travle kvardag med unge, jobb, hus og andre blogginnlegg. Men det betyr ikkje at eg ikkje set pris på det, for det gjer eg! Tusen takk, alltid kjekt å bli tenkt på:))
Og det er moro å finne andre bloggera frå vestlandet:)
Ha ein fin dag!
Klem:)