Totalt antall sidevisninger

søndag 13. februar 2011

GALLERI-BESØK OG MORSDAG



På laurdagar går ofte turen til Galleri G.Guddal.(http://www.galleriguddal.no/)


Her møter vi kjendte, preikar, drikk kaffi og et kake.


Endå er det litt for kaldt til å sitja ute...

Vi blir ofte sitjande heilt til stengjetid. I dag er det berre eit ostekakestykke att!
Ikkje berre meg som likar den, allså.

Masse fint i hyllene her. Eg er svak for rosekoppar...

...men likar òg strame former og...
...klare fargar.

Likar formene og fargane på desse òg.

...og uttrykket til Solveig er eg alltid svak for!



Etter laurdag, kjem som kjendt søndag -Morsdag, tilogmed!


Ikkje verst når det ligg ein sånn ein på frukostbordet frå "Prinsen" på 15.

Systo på 18 svingar opp med frukost...

...far i huset har kjøpt blomar og diskar opp med lammalår og fløytegratinerte poteter til middag. Eldstejenta i byd`n ringjer og gratulerer, og seier ho kjem heim i morgon! Kan kje ha da betre! Lika da!


2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Dei muggane (?) var veldig fine! Spennande butikk/galleri/kafè dette her:)
Det var no ikkje måte på så oppvarta du vart i går, då:) Triveleg!

Kaspara sa...

Hei Marian
Så koselig med kaffe på dette galleriet med fine ting. Ja, rosekoppen var vakker!
Hyggelig morsdag har du hatt også, så koselig skrevet av sønnen din. Herlig!
Og så fikk jeg veldig lyst på lammelår-middag kjente jeg...
Ha en finfin dag!
Klem fra Kaspara