Totalt antall sidevisninger

mandag 30. april 2012

"Vis meg favorittputa di"




Det har i lengre tid lege ute ei utfordring hos FABELAKTIG.
Den hiv eg meg på no i siste liten. Mi favoritpute har eg sydd sjølv, men det som gjer at eg likar ho så godt er
1: Innmaten! - Dunpute gjer alltid susen!
2: Gjennbruksstoff, bl.a. frå ein kjole den elskelege svigermora mi (bilde under, ho døyde i 1992-) hadde på seg i eit bryllaup, gardiner ( som vi arva frå ei kjekk dame-) frå lokala vi hadde den gongen vi jobba døgnet rundt for å få "Baronispelet" opp og gå,  litt linstoff som eg er veldig glad i og div. band, bl.a. frå Londontur, gamle nuppereller frå loftet i huset eg vaks opp i . Allså ei pute som er god å sova middag på og som gjev meg mange gode minner!


1 kommentar:

re:signert sa...

SÅ artig melkebilde!! Og profilbilde! Herlig familie, herlige medlemmer :-) Me tek ein tur igjen snart til Odda me :-) God og glad onsdag kjære deg! Signe