Totalt antall sidevisninger

tirsdag 21. februar 2012

Kjekke smågåver og grått hus...

På kurset til Erling blei vi oppfordra til å laga gåver til nokon vi syns trong det nett no! Ei gåve laga med omtanke og i ei innpakking som passa gåva. Mine gåver er til to flotte damer eg jobbar saman med på skulen.

Innpakkinga her på den fyrste gåva blei så som så, men idèen er kanskje ikkje så dum...Sydde ein slags pose av ein tapetrest...
Oppi posen: Eit glas ikledd LATTE-LUBBE, rett og slett eit vern mot varmt innhald i glaset laga av ein gammal, tøva ullsokk! I tillegg teposar med små kjekke ord på.




Erling er glad i å bruka små ord i mange samanhengar og det trur eg jammen eg kjem til å bli òg!




Viste min TeleTøffel i går.Gler meg til forhåpentlegvis å gle nokon med desse smågåvene...







Turen i ettermiddag gjekk forbi her. Syns dette huset rett og slett er malerisk og godt å sjå på!



3 kommentarer:

My Dream sa...

det nederste bildet er bare super fint!!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Artig kurs du har vore på:)

KAIA sa...

lika da! :)