
Her er ei mengde tomme plast-flasker fått eit nytt liv! Med hjelp av bl.a. silkepapir, papp, fjører, tusj og SJØLSAGT! - fortynna snikkarlim -er det duka for eit nytt liv for desse flaskene som var på veg i rest-avfallet.

Denne fortryllande varianten av ein pingvin fekk seg ein tur i "foto-studio" - kvit papp under beina og bak, og litt vatt som snø - før den skulle presenterast her. Søt sant?

Dragen ville òg ha "studio-bilde!

To kompissar som her er "på tørk" før dei skal presenterast i eit litt "kaldare element".

Syngje sikkert av full hals desse to? Bak dei, ein sommarfugl.

Det var fleire som syns flaskeformene inspirerte til å laga pingvinar. Her to små.
Sjampo-flasker har inpirert meg til oppgåve på skulen tidlegare. Du kan sjå resultata frå den gongen
her.
2 kommentarer:
Ikkje noko å seie på fantasien til elevane dine:-)
Eg har dessverre berre småbitar igjen av sauestoffa. Bitane var berre 30x60 då eg kjøpte dei. Ellers skulle du no ha fått litt, ja:)
:-)
Det er så mye flott og kreativt på bloggen din! Jeg er ikke så flink å kommentere, men jeg leser den alltid. Ha ei flott helg. Klem fra Eva :-)
Legg inn en kommentar