Totalt antall sidevisninger

lørdag 3. desember 2011

MARKNAD UNDER TAK


Mange koselege boder blei det i parkeringshuset! Med utsikter til ei særs stormfull helg blei dei flotte trebodene flytta innomhus. Taka måtte av for å få dei inn og vi var nok litt skeptiske på om dette kom til å fungera, men jammen santen blei det slett ikkje så verst!


Her er det bugnande englebordet til Alma Kjærland frå Fitjar.

Åshild Nordahl har boden sin i eit av dei to gamle trehusa vi disponerer under marknaden. Ho lagar dei hærlegaste tova strikkatøflene ein kan tenkja seg. Kjempefine - og gode!

Loddsalet gjekk strykande! Er spent på om eg er ein av dei heldige i morgon....



Ein god, gammal marknadstravar: Rogde design frå Odda. Kjekke kar å ha på stand.



Eg delte bod med fargerike og frodige Bente Rusten. Vi har kost oss veldig ilag. Gler meg til i morgon, Bente!



1 kommentar:

Shus sa...

Koffor ikkje lage tradisjon på å vere i parkeringshuset? Neste år kan dåke fylla heila, synst no eg!

Takk for tipset om treet i parkeringshuset. Han har laga reflekshjarta nemlig, så det er nok der. Synd det ikkje var opplyst om da!

ha ein fin fin siste dag på marknaden, vi skal feire 7 års dag!

klem frå Solveig