I dag har eg vore i Skånevik saman med ei god venninde. Mange andre hadde òg reist til denne vesle perla denne helga pga.den årlege blues-festival som trekkjer masse folk - i sin aller beste alder, for å sei det sånn.....Vi reiste fyrst og fremst for å delta på opning av utstilling på galleri Brønnen(http://www.galleribronnen.no/)
Etter utstillinga fekk eg vera med venninda mi på kaffibesøk hos eine broren og svigerinna som har eit fantastisk sommarhus i denne vene bygda. Duådu kor fint!!!!
Galleriet er dreve av Åse Dommersnes og det er ho saman med ei venninde som no har utstilling der. Åse jobbar i streng. Ho lagar dei skjøraste og sterkaste skulputurane ein kan tenkja seg i dette materiale. Eg er heilt beteken.
Etter utstillinga fekk eg vera med venninda mi på kaffibesøk hos eine broren og svigerinna som har eit fantastisk sommarhus i denne vene bygda. Duådu kor fint!!!!
Det gamle skapet hadde dei funne i kjellaren og var eigentleg tenkt å bli luta. Takk og lov for at dei avslutta den prosessen! Skapet var NYDELEG!
1 kommentar:
Fin strengkunst!
Ikkje mange sommarnetter så langt i år, nei... såg no ut som om hunden kosa seg iallfall, hihi:)
God helg!
Legg inn en kommentar