Totalt antall sidevisninger

søndag 5. juni 2011

BORTE BRA, MEN....

Eg har vore ei lita veke i hovudstaden med 10. klasse på tur. Syns eg er heldig som fekk lov til å vera med - som mamma meldte eg meg som frivillig og med godkjenning av "prinsen" kunne eg pakka snipp-veska for ei aktiv veke austpå.

Har gjort eit val med omsyn til bilde og dokumenering: Operaen. Symbol på det storslåtte og vakre. Eg kan nesten ikkje sjå meg mett!

Fine former og spennande materialer...


Likar denne veggen så godt!


Men så er det ikkje så verst å komma heimatt heller...



Kveldsturen gjekk høgt opp under "Nuten" for å sjekka om sauene hadde det fint. Ingenting å sei på utsikta!





1 kommentar:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Er no greitt med ein bytur i ny og ne, men du verden så godt det er å komme heim til (bonde)landet igjen:)
Eg var i operahuset for nokre år sidan, og eg også let meg imponere av den veggen:)
Ha ein fin kveld!