Totalt antall sidevisninger

mandag 23. mai 2011

SOVA I SILO???

Forsete på ein måte der eg slapp i går. Vi bevegar oss utav løa og inn i "nabolokalitetane". Til ei kvar litt eldre løe høyrer det med ein silo. Sånn er det her hos oss òg. Då vi bestemte oss for å restaurera husa på garden der "Bonden" er vaksen opp, fekk eg ein idè - ein KJEMPEIDÈ syns eg sjølv - overnatting i siloen. Og slik blei det!
Var ikkje "staila" her då eg tok bilde. Utfor er det kjekt med eit lite bord og to stolar, men det må bli litt meir "vår" i lufta og litt mindre vind. I dag er det haust...



"Bestemorblom" ved inngonsdøra.






To "Godstolar" i fyrste etasje...





I denne er ei pute eg hekla i 1979! Rødt har aldri vore ein farge i mitt private interiør men sidan dette er i tilknyting til RAUALØO blei det naturleg med raude detaljar. Då kunne eg finna fram gjøymde skattar fra mi tid på husflidskulen på Voss.





Sidan vi er i "Rosebygda"....rosekort i ramma...




......og sidan ein må inn i løa på badet er her morgonkåper og tøfler.





Opp trappa finn ein senga - med dobbeldyne og utsikt til Hardangerfjorden.





Er så glad for at eg kom på å stoppa malinga av veggane - (veggen? Den er jo rund!) - FØR det var blitt kvitt heilt under taket. Likar godt den opprinnelege rustikke støypen heilt øverst.




Litt av trappa.





Dette bilde er teke inn gjennom vinduet - ut mot kjørebrua og med utsikt til fjorden.



Vil du sjekka ut litt meir kan du gå inn på heimesida vår, http://www.folgefonn.net/ . Den skal fornyast snart men inntil vidare....







6 kommentarer:

rod i hob sa...

Hei hei!
Genialt! Her kunne eg tenkt meg å øvenatta enn gong... He he -men blir kansje litt merkelig når eg bur så nærme?? Eller.. Har jo ikkje DEN utsikten frå soverommet til vanlig!

Ja, ja -god veke til deg!!

Shus sa...

Skikkeleg stilig silo, synst eg og! Du er jo kreativiteten sjølv!

Veit du kva ei lokal dame sa då eg hadde gitt ei pute i bursdagspresang?? Eg trudde du hadde kjøpt den av Mariann Thunold, eg!!!

Ha ein fin fin tysdag. Klems

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det er jo unekteleg litt spesielt å overnatte i ein silo...
Vi må vere kreative i utkantane (kanskje spesielt på gardsbruk som ikkje lenger er i drift), og utnytte dei moglegheitene som byr seg - problemet er å sjå dei, og å tore og satse.....
Ynskjer deg ei flott veke!

re:signert sa...

Hei på deg. Takk for sist!! For et herlig fjøs. Kjørte forbi! Tenkte meg det var her du var! Kommer gjerne innom på neste Rosendaltur. Til høsten håper jeg! Hadde vært stas det altså. Ha en finfin dag. Mvh Signe Schineller

rod i hob sa...

Nå blei eg NYFIKEN!!

På ke i alledaga du kan ha te meg som du kom på når du såg "eplekoppen" ;-)

Trur kansje eg tar øvenattingå itte bryllupet i siloen... Må bare bli invitert i bryllup først!

Ha en fine kveld :-)

Nina sa...

Jeg har vært i en kaféspisedel i en silo - men aldri sovet i en. Så utrolig god idé - og artig i tillegg til selskapslokalene. Flott å være trøtt brud og bare dumpe til sengs.

Og jeg likte også at du har beholdt noe av den opprinnelie siloveggen.

Ha en fin dag ;)!