Totalt antall sidevisninger

mandag 2. mai 2011

Ei stille stund....

Når kvelden kjem likar "Bonden" å ta seg ein kaffikopp hengjande på altanrekkverket medan han bivånar sauer og lam på bakkane nedom huset. Ei stille stund....




Hokatten vår Tommy (!) har seg òg ei stille stund på den nye yndlingsplassen sin. Onsdag i påskeveka kom denne kassen på tunet full av alskens Påskaknask. Guten vår var ein heldig vinnar av Påskaproviant i fotballgruppa sitt lotteri. Eska blei tømt og sett på trappekanten for å fraktast i kjellaren. Syns den var så fin så eg tenkte den skulle fylla eit oppbevaringsbehov eg hadde på syrommet. Blei ståande akkurat så lenge at Tommy oppdaga at her var det ein kjekk plass! Etter ei lita veke-og mange sånne stunder for Tommy-er eska no i "anna bruk", for å sei det sånn!


1 kommentar:

KAIA sa...

haha. fint med den kassen:)