Totalt antall sidevisninger

onsdag 16. februar 2011

FRUKT OG FETTSTIFT






Bilda viser resultat frå ei kjekk oppgåve eg har brukt i 5. klasse i dag!
Den går kort og godt ut på:
Teikn to eller fleire frukt med fettstift . Arket skal vera dekka med farge.
Mal over heile arket med vatn-farge, gjerne i ein kontrast-farge.
Krøll arket saman.
Skyll under rennande vatn.
Brett arket FORSIKTIG ut igjen og legg det til tørk på t.d. avispapir.
Eg brukte kopi-papir, men skulle nok ha brukt teiknepapir. Utruleg kor skjørt vått papir blir!
Neste gong skal vi montera desse opp på farga bakgrunn.
Har brukt denne oppgåva fleire gonger, t.d. når vi arbeider med fargelære eller stil-leben. Elevane syns det er kjekt å sjå den forvandlinga som skjer med krakkeleringa og verknaden kontrastfargen gjer. Kjekt viss nokon andre prøver. Gje ein lyd då!

2 kommentarer:

PillePalle sa...

For en god idé! Synes, det må være fantastisk å ha deg som kunst lærer. Guttene mine ikke har kunst som skolefag dessverre. De har for lite lærer....Kan du tro dette? ha en fin ag videre og tusen takk for koselig kommenar. Klem, PiPa

Barbros lille atelier sa...

Så flotte de ble! Heldig de elevene som har deg som kunst- og håndverkslærer:-)

Tusen takk for hyggelig kommentar!
Jeg bruker sjelden spraymaling på stoffbitene - bare legger de på og syr i vei:-)