Totalt antall sidevisninger

mandag 17. januar 2011

EIN BLÅGRØN DAG



Veske sydd av resirkulert plast. Plasten er vevd og veldig sterk. Bokstavane er opprinnelege men blondestoffet og frimerke har eg sydd på. Har lagt nokre sånne for sal, men denne er mi.


Denne fine, tøva blomenåla kjøpte eg på www.julirosendal i 2010 hos ei jente frå Latvia. Brukar den masse, syns den er dekorativ og fin.


Har desse tørkise tinga på badet. Igjen to gode kupp frå det store loppemarkedet i bygda vår.



Det gamle kjeksglaset har eg kjøpt på bruktmarked i Stavanger. Vanlegvis har eg bomull i det. I det det vesle glaset har eg tannstikkarar. I dag var begge deler tomme, så eg får handla i morgon!



Lyslykt - igjen eit loppemarkedfunn. ( Har eg forresten noko anna? Nei, nesten ikkje!)



Blågrøn var opplevelsen å reisa frå Sørøya til Nordøya på New Zealand. Det gjorde eg saman med familien min i desember 2009. Kjekt å mimra litt igjen!


Her er vi på stranda i Riwaka, i utkanten av Abel Tasman nasjonalpark på Sørøya av NZ. Eg er lykkeleg for å ha opplevd dette landet! Eit utruleg flott land å vera turist i, alt var tilrettelagt for at det skulle vera kjekt å vera på besøk. Folk var hyggelege, naturen fantastisk, ingenting var vanskeleg her. Ja, det var langt å reisa, men eg tek gjerne turen igjen!

7 kommentarer:

Shus sa...

Herlege fargar, rett og slett!!

Angåande sykafe, så reiser mannen på jobb i måro. Eg må difor ha barnevakt, men rekner med det ordner seg. Du får setje opp dag og tid, du, så ser eg! ( Torsdag er spinning-dag!)

Ha ein super-måndag! Klem

Marta sa...

Den veska øverst var utrolig tøff! Du er bare helt fantastisk kreativ!
Ha ei fin veke!

rod i hob sa...

Så fantastisk :-)

♥ Elske turkis ♥

Fin farge, fine ting og fine bilder! Kjekt å sjå at du e komt så godt inn i blogginga :-)

Ha ein fortsatt fine mandag!!

Mira sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Mira sa...

Takk for muggehjelp! Det var min som var litt shabby, gøy å vite at den er gammel.

Flotte loppekupp, leste kvinnheringen på nett i går, skulle gjerne vært på det loppemarkedet.
Var i New Zealand et halv år. Trivdes der ja! Nydeligt land, og så gjestfrie. Me budde på sørøya. og reiste litt rundt også.

Ha ein fin tirsdag! Klem,

P:S: vil gjerne følge deg videre.

Torunn sa...

Kjempestilig veske!! Ha ei fin veke.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Har du vore på New Zealand, du? No vart eg reint misunneleg:) Det er eit av mine drøymereisemål...