Totalt antall sidevisninger

lørdag 5. januar 2013

Då har eg vaska hytta...


Etter ein god og lang juleferie er eg igong igjen - både med jobb på skulen og "hyttetilsyn". Ofte medfører dette tilsynet vasking og ordning. Viser her bilder frå ei av dei fem utleigehyttene vi har. Denne er ei svært mykje brukt firmahytte og det er ikkje så ofte eg er innom. No var det bestelt vask etter juleopphaldet og eg nytta høve til å hengja opp nokre nye bilder og sofaen fekk ei ny, heimesydd pute.
Eitt av mine nyttårsforsett er å gjera hyttene meir innbydane. Det er faktisk dei som gjev meg pålegg på skjevo. Smøret kjøper eg for lærarlønno mi....
Hyttene blei bygd i 1997. Vi har oppjustert litt etter litt. Her er ei salig blanding av Ikea, Bohus, loppemarknad og bruktkjøp. Det fine kråskapet har eg bytta til meg for litt hjortakjøt...

2 kommentarer:

ritasc sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
ritasc sa...

Kor fin hytte ! Og kor koselige blogginnlegg du lage ! frister litt med det kurset i februar....
Klem fra Rita i Stavanger