Totalt antall sidevisninger

mandag 3. desember 2012

Slaraffen-dag - eller dagen derpå....

I dag drakk eg kaffi veldig lengje på morgonen! Med denne utsikta var det vanskeleg å komma igong med noko og eg var ganske trøtt etter ei arbeidsom, men flott helg.Mykje arbeid både før, under og etter "Jul i Rosendal" har det vore, så derfor har eg kvilt godt i dag! 



No er eg klar for å gjera dette huset om til eit skikkeleg julahus!

Må visa nokre bilder frå den store helga! Her blir JULETRE-utstillinga offesielt opna med eit spent publikum klar for "innrykk"!
Dette flotte juletreet har alle elevane på Malmanger skule laga saman med kunstnar Ian Garlant. Kvar elev har dekorert sin bombong, med bilde av seg sjølv utanpå og litt av kvart spennande inni!
Nokre bilder frå den fantastiske, årlege temautstillinga - som i år allså var JULETRE. Kollega Ingunn hadde laga ei nydeleg utstilling av alle dei produkta born i barnehagar og skular i bygdene rundt oss hadde komme med.
.



                              Den vakre boda til Mette Friheim representerer her 43 ulike salsboder!
                   Miljøet og stemninga i garasjen var upåklageleg! Mange glade menneske var å sjå og det såg ut til at alle koste seg. Om det var kaldt, (ja, for DET var det!), kunne ein kvila seg og eta god suppe eller graut på kafèen til Omvikdalen Bygdekvinnelag.

1 kommentar:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Der var det jammen juletre i mange forskjellige utgaver!
Så mykje snø dåke har der nede. Her er det berre eit lett melisdryss - så langt.....
God helg!