Totalt antall sidevisninger

torsdag 23. august 2012

Loftsfunn og røsslyng




Av og til når eg er på besøk hos mor mi, spør eg om eg kan ta meg ein tur på loftet. Ho er lika overraska kvar gong og skjønnar ikkje kva eg vil der oppe. Men loftet i barndomsheimen min er framleis lika spennande som eg syns det var som lita jente. Sidan tidene endrar seg finn eg alltid noko som eg syns er kjekt no; ting som eg kanskje for nokre år sidan ikkje ofra eit blikk. Denne gongen fann eg to enkle barnesko; den eine hadde vore far min sin. Han var fødd i 1918...eit litt "lubbe" norgesglas, emaljert stamp og godt sletne dynetrekk frå 70-talet!
Hausten er kommen når eg har fått røsslyngen innomhus! Den henta eg med heim på søndag då vi tok turen hit:
Kjøyrde så langt vi kom inni Blådalen til Møsevatn. Då er det fritt utsyn mot Møsevassbreen.


3 kommentarer:

Marianne sa...

Dejlig blog. Glæder mig til at følge med.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Skulle ynskje at eg også hadde eit loft å rote rundt på:)

Brunt sukker sa...

God kveld :)
dei barne skoa var bare helt fanntastiske!
så gøy då å ha ett sånt loft:)
god kveld til deg :)
klem fra Eli:))