Totalt antall sidevisninger

søndag 15. april 2012

Takkotakk - til den som sendte og dei som tek imot...

Det har komme ein AWARD frå "DET SKAPTE GRANN". Takkar og bukkar. Har skjønt at ein skal gjera det når ein får ein slik ein. Det er jo ein slags "premiert bedømmelse" - ein måte å sei at ein likar deg (eller helst bloggen din!) og at ein har lyst du skal nå fleire i "Blogglandia- verda". Eg tolkar det sånn at ein kan gje litt meir av seg sjøl og la andre bli meir kjent med kven du er. Har eg forstått det rett då? Iallefall: Oppgåva var som følgjer:
1. Ein skal linka til den ein har fått AWARDEN frå. (Trykk der oppe!)
2. Ein skal senda awarden videre til 5 andre bloggar som har mindre enn 100 lesarar.
3. Ein skal besvara 5 spørsmål.
Awarden er selvfølgeleg frivillig for mottakaren!!!










Spørsmål som følgjer awarden …
1.Kvifor begynte du å blogga?
Eg var “skap-bloggar” i lengre tid. Måtte innom ein del bloggar kvar kveld før eg la meg. Utgongspunktet var Bodil Haga sin blogg BO-DESIGN&FOTO. Ho er ei ispirerande dame som allså opna augo mine for denne fantastiske verda! Åja, ein kan gjerne komma med kritiske kommentarar at “Blogglandia” berre viser ei glansa verd, men eg likar den positive tonen her, at alle vil kvarandre vel – eg har i alle fall ikkje opplevd noko anna.




Bilda som eg har brukt her - av meg på taket og familiebilda er det BODIL som har teke. Likar dei godt fordi om dei no er nokre år gamle.




















































2. Kva bloggar følgjer du? Bloggar som viser kjekke, heimelaga ting, interiørbloggar med auga for loppis og redesign, og sjølvsagt bloggar med bilder som er “goe for augo”.
3. Favoritt farge? Kan ikkje sei ein farge, går ikkje det! Eg er glad i fargar, av og til sterke men helst fargar med grått i ( pudderfargar men ikkje heilt pastell)– og svart, i allefall viss eg skal tenkja kle.
4. Favoritt film? Nei det har eg ikkje. Ser gjerne film, sjeldan samme filmen oppatt fordi om det sjølvsagt har skjedd, ( når ein er så gammal som eg er, kan ein ikkje unngå det!)
5.Kva land ønskjer du å besøkja? Har lyst til Island, men sidan eg fekk to langveisfarande jenter heim til påske-ei frå Kenya og ei frå India, kan dei to landa også setjast på lista over ønskjelege reisemål.
Awarden sender eg vidare til desse flotte bloggane! Berre så det er sagt med ein gong: Blir ikkje skuffa om dåke ikkje svarer på spørsmåla, men eg ynskjer fyrst og fremst at fleire oppdagar bloggen dykkar og at besøkstalet aukar! Vi likar jo det, når vi fyrst er her “inne”!
1. Rosendal Turisthotell
2.På Gløtt
3. Kvardagsgleder
4. Snill pike
5.Hellohello baby
Ta ein tur innom dei –kanskje du finn både gamle og nye bekjentskap på denne lista?





Gåver til "mor" - frå India og Kenya.




















Blåne bak blåne - ja, er ganske glad i blått!

3 kommentarer:

Bea sa...

Så FINT og personlig du har svart på utfordringa, Marian. Nydelige bilder av deg og familien! Nå skal jeg forte meg å besøke "dine" utfordrede:)
Ha den fineste mandagen.
Klem Beate

Hellohello baby sa...

Så kjekt! Takk Marian. Da fikk jeg et spark nr. to til å få liv i bloggen min igjen. ;-)

Anne på landet sa...

Herlig innlegg.Du skriver så levende.
Skjønne bilder av familien din!
Og jammen ser det ut til at døtrene kjenner mora si - de gavene lyser det vel deg utav:o)

Skjønner ikke helt hvorfor ikke mailen går gjennom..
Det noen har gjort feil er at de skriver.com? Kan det være det?

Prøv igjen:
annematre@hotmail.no

Ha ein strålande fin dag og ny uke i vakre Rosendal!