Totalt antall sidevisninger

tirsdag 6. mars 2012

Stad for nyskaping - og litt resirkulering....

RauaLøo er løa på garden "bonden" vaks opp og som vi har pussa opp til kurs- og konferanselokale. Eg har skreve om den før, HER.

No er det sånn at eg syns det er kjekkast med aktivitetar i løo som linkar til det eg likar best; Skapande aktivitetar. Vil prøva å få til litt kurs til hausten. Har hatt sy-kafè her ein gong i veka, nokre timar på kveldstid. Har oppretta ei gruppe på fjes-boka. Alle som vil kan bli med, sjølvsagt! Der legg eg ut info når det er kafè.









Sånn såg det ut i løo då Erling Nesse starta opp det fyrste kurset sitt hausten 2011. Hadde eit nytt no i februar og han kjem tilbake i september!













Vi hadde samlingsplass i midten....og symaskinane langs veggane. Fungerte bra det!




















Så var det RE-SIRKULERINGA:

På loftet i løo er det ei stove. Glasborda her er eg rimeleg lei av. Får dei liksom aldri heilt blanke. Har lyst på nye bord-plater i resirkulert treverk, gammalt og slete, men ikkje så lett å finna rette materiale til det. Så i fyrste omgong blei det ein romantisk variant, snikkarlim ( ikkje noko bomba det vel?) og masse rosebilder frå blad og magasin. Limte på undersida. Sånn blir det inntil vidare...

Ingen kommentarer: