Totalt antall sidevisninger

torsdag 26. januar 2012

Meir "KLISTRA og LIMA"...på skulen.

Snikkarlim er ganske fantastisk! Her er den brukt saman med avispapir eller matpapir. Oppgåva var å kle ei form (tom isboks, youghurtbeger, skål el. liknande) fyrst med glad-pack og så med lag-på-lag av oppstrimla papir og fortynna lim.






Vi la på eitt par-tre lag eine veka, tørka til neste gong og la på eit par lag til. Tredje gongen lirka og lurte vi ut forma oppi, drog av plasten, finjusterte (klipte) kanten og la kanskje på ein kant med papir.



Medan den no tørka, planla vi dekor. Kikka fyrst gjennom mappa eg hadde på pc-en min med MØNSTER og TEKSTUR-bilder.



Det skulle lagast utkast på teiknepapir med fargar. Eg var litt streng på at det skulle vera ein farge inni og ein annan utpå. Det som eventuelt skulle vera svart skulle malast heilt til slutt.



Får berre primærfargar, så her må det blandast!



Alltid kjekt å ha nokon å diskutera utkast til dekor med....





Eg syns dei blei så fine så eg klarte ikkje å venta til alle blei ferdige før eg la dei ut her, så det kjem sikkert fleire! Gjer ikkje noko det?



















Men allså ei lita eksklusiv gruppe med nydelege og skjøre krukker og skåler!



Kunne godt tenkt meg ei av desse eg....









5 kommentarer:

Anne Lise Johnsen sa...

Et kjempefint og økonomisk prosjekt :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kreativt!

Noralill sa...

Såå fint og lurt!! Blanda du den limen med vatn, då eller? Kunne godt tenke meg å finne på noko slikt sjølv...

Ha ein fin kveld.

SNILLPIKE♥ sa...

Kreative elevar og lærar.....

Fin tirsdag til deg.

En støvel og en sko sa...

Hei!
Jeg 'mistet' bloggen din, men nå fant jeg deg igjen, via kommentarfeltet til Loppelilla ;-)
Og dette prosjektet minnet meg på at jeg hadde planlagt å lage en papiermache jordklode sammen md minsten.
Takk for inspirasjon.
Klem :-)