Totalt antall sidevisninger

tirsdag 27. desember 2011

Juletre og gåveglede....

Ved nissehusa på hylla kom det på plass tre juletre veslejulaftan. Dei er laga av sånne papp-spolar ein kan få strikkegarn på når ein strikkar på maskin. Fekk ein heil pose av dei hos ei kjekk dame her i bygda som strikkar masse fint! - Dette kvite huset er eigentleg ei bokstøtte som Solveig har laga i porselensleire. Her støttar det seg til veggen og er ein del av "Nissegrenda".


Sjølve "granbaren" er laga av tapetprøvar og stifta på med skyte-stiftemaskin. Blei kjekke dei, syns eg!




Må òg ta med årets gåver til "ungane" her i huset i år....Berre bokstavane til kvar av dei på lokket av skoeskene som eg hadde kledd sånn at dei kunne opna samtidig...I år skulle dei allså få nett like gåver og då var det viktig at dei blei opna på likt!



Tre spente her... og bak kamera ho mor, som også er spent!




Av med lokket! Og under det: Fotoapparat og ulltøfler ( laga av Åshild Nordahl). No kan ho mor ha sine eigne i fred!







Alle blei veldig fornødde - og då senka julefreden seg heilt i heimen...

4 kommentarer:

lise sa...

Kjempetøffe juletrær, god ide. Samme forbokstav på barneflokken din som min, forresten..

Ha en fortsatt fin romjul!

Shus sa...

Stilige julatre!! Kreativ som få, som vanleg!!

Tenke at dei håpefulle vart glade for kamera, får du ha det i fred og no då, slik som tøflene??

Her er vi og kreativ ei jula, men som legobyggar i desse dagar. Pappen på jobb, då må ho mor trø te... Men gøy og!

Ha ei fin romjul vidare. klem frå Solveig

Marta sa...

Riktig god jul til deg:)

Susanne sa...

Hei! Tusen takk for koselig kommentar hjå meg. Det er stas å få skryt - og veldig kjekt at eg no også oppdaga DEG! Eg føler meg "heime" på sida di. Og det er jo alltid godt å kome heim!

Med ynskje om ei nett passeleg sprelsk nyårsfeiring
frå Susanne