For meg er haustferie bl.a. litt jobb, litt tur og god mat....
Jobb i denne samanheng er å gjera klart ein del ting som skal sendast til Voss for sal på tidlegare Galleri Voss som no har fått nytt namn: BANKSMIDJA. Kanskje blir det litt på lur til Jul i Rosendal òg. Må få opp guffen no viss det skal bli noko å selja!
Her er ein bunke med HJERTE-URO.
Så har eg tømt krukka mi...
...og laga
PLASTVESKER. Det er toalettvesker som går gjennom flykontrollen!
Puttar i dei det eg syns passar saman. Lagar meg små forteljingar mens eg held på og har det egentleg ganska kjekt mens eg er igong!
Så må eg ut på
TUR!
Treng ikkje gå så langt...
...har fine område rett rundt meg!
Denne gongen rakk eg akkurat heim igjen før det kom ei bya!
Då var det kjekt å komma heim til nybakt
EPLEPAI. Heldige meg!
3 kommentarer:
Høyres ut som ein fantastisk haustferie i mine øyre.
Her kosar vi oss alle sammen heime med haustferie òg. På sjøen og set krabbe/hummerteiner, rydde i hagen, sykle litt, kort sagt da vi har lyst til der og då.
Fortsatt fin ferie til deg.
Så koselig. Heldig du som får slappa av i ferien! Jeg er helt utslitt.... Heldigvis skal jeg hjem til Baronibygda i morgen :)
God klem til deg!
Artige plastvesker!
Legg inn en kommentar