Eg likar ting med historie. Det gjer meg glad berre å ha gamle ting "for auga" , og det gjer meg glad når eg kan bruka gamle fat , koppar og skåler i kvardagslivet mitt.
Den gamle slagbenken gjer meg òg glad. Den har historien til mine beste- og oldeforeldre med seg under lokket!
Korgastolen her fekk eg til 17 års dagen min. Den er laga av ein mann her i bygda som i barndommen mista synet i ei skyteulykke. Han lærte seg kunsten å laga korgmøblar og andre ting i pil som han livnærte seg av heile livet. No er han borte men det er mange spor etter han i lokalmiljøet vårt. Eg er glad for dei tinga eg har i mi eige som han har laga.

6 kommentarer:
DER sa du det!
Gammalt og godt er tingen! Stortsett. Eg blir glae av å bruka figgjo serviset mitt!!
Men fullt så stas var det IKKJE å bruka "svigermor"
si gamle kjøkkenvekt når eg var med å pakka hjort
tidligare i dag! Den va veldig fin forresten... Kan godt stå til pynt!
De blir vel feil å kjøpa ny digital til ho fordi eg ikkje klare å bruka den gamla?!
Ha ei fine veka :-)
Hadde det ikkje vore for ein eksamen, så kunne jul i Rosendal vore ein god ide det. Kanskje neste år :)
Gamalt er fint! Blir glad av å bruke slikt med mykje historie!
Tänk att kunna lage noe så vackert utan syn. Fantastisk!
Och visst är det härligt att omge sig med ting som har en historia. :-)
Hoppas du har haft en fin start på uken!
Så masse fint og gammelt du viser. Sånt liker jeg!
Fint og rørende å lese historien bak korgstolen. Kjekt med slike minner :) Ha en flott uke i nydelige Rosendal :)
Hei!
Her var det mange herlige skatter :)
Så gøy med slikt gammelt!!
Ha en fin dag- klem Anette ♥
Legg inn en kommentar