Totalt antall sidevisninger

torsdag 4. august 2011

Uthuset er klart for gjester!

Etter morgonturen med Bonsi sette eg igong med å gjera det vesle uthuset vårt klart til nye sommargjester. Du kan sjå huset - såvidt - til høgre for huset vårt.
Nede redde eg opp den gamle senga til "Bonden" og la oppå eit lappeteppe eg sydde ein gong på 90-talet- Passeleg falma etter mange turar på stranda i sommarsol! Ullteppe i fotenden er eit gammalt Fretex-kupp. Over senga heng eit maleri frå "Bjørndal" der vi har sauene våre no om sommaren, og eit tekstilbilde av "Fruehuset", eit hus tilhøyrande Baroniet. Frå vinduet på syrommet mitt ser eg ned på det.


Ja, eg veit eg er nostalgisk!



Kjøkenskapet her er litt sånn litt-av-kvart, men sånn er det vel på fleire "hytter"?


Har tilogmed vaska vindu...


...og pynta med blomar!



Kjekt når sola skin inn!



På loftet er det to senger - og eit trommesett! Det hender at gjester let seg freista men vanlegvis er det "Prinsen" som disponerer loftet her til ein hobby eg er litt glad for at vi slepp å ha inne i vårt hus!




Har ikkje så veldig grøne fingrar så det meste utomhus er "villniss" og planter på sjølvstyr...




...men vi får sei at utsikten innanfrå er det ingen som klagar på!


1 kommentar:

emblas-kanel sa...

Så koselig dere har det der. Takk for titten. Måtte scrolle opp og ned og kikke flere ganger.
Klem fra Eva :-)