"Jul i Rosendal" (http://julirosendal.no/)
med meg ut i sola.
Det er Turid (http://rosendal-turisthotell.blogspot.com/) og min sin jobb å kapra gode utstillarar til dette flotte arrangementet i bygda vår. Det er ei tid på året det skjer mykje kjekt og skal vi få dei BESTE utstillarane må vi vera tidleg ute!
Fekk gjort klar ca. 40 til usending i morgon. Fyrst måtte eg skjera ut hjerta på framsida...
...sånn at tidspunkta viser med ein gong...
...for så å knyta det utskorne hjerta til baksida av invitasjonen. Det er nemleg ein kakaokupong! Når invitasjonen er så fin måtte eg bruka litt tid til å skriva utanpå konvoluttane òg.
Syns Åslaug på http://www.salikat.no/ har gjort ein kjempejobb med å spekulera ut den lekre trykksaken. Den damo har snedige løysingar på mykje. Dessuten er ho jysela rask og kjempekjekk!
Gler meg til å senda ut invitasjonane! Og er det nokon her i "Blogglandia" som kanskje kunne tenkja seg å vera med på storhendinga i begynnelsen på desember, så gje meg ein liten lyd. Sender gjerne ut fleire invitasjonar eg!
2 kommentarer:
For noen fantastiske invitasjoner. Det er så flott at jeg mister nesten pusten: )
Ellers takk for den fine nøkkelringen. Den er allerede festet på nøkkelen inn til verkstedet. Den er veldig søt
Kjempefin invitasjon, skulle gjerne vært i nærheten:)
Beate
Legg inn en kommentar