Totalt antall sidevisninger

søndag 3. juli 2011

MINNEVESKE

I dag vil eg visa resultatet av eit kjekt oppdrag eg fekk.



Ei venninde i Oslo blei nett 50. Ho har i alle år feriert her vest og på den nydelege ,gamle garden der ho har tilbrakt påske- og sommarferiar bur no broren og svigerinna. Ein søndag for nokre veker sidan møtest svigerinna og eg på Baroniet. Ho hadde gått over fjellet (!) frå garden sin og ned i mi bygd og i sekken sin hadde ho diverse minner. Desse ville ho at eg skulle sy inn i ei 50års veske til si svigerinne/mi venninde. Så kjekt oppdrag då! - Og spesielt når eg såg dei spennande tinga ho hadde med i sekken!



På framsida putta eg inn framsida på Frk. Detektiv, eit pår briller ( kan jo komma godt med i vår alder!), ei lita emaljenål, feste få ein hofteholdar og to pins - ein med hestesko (oppned så ikkje lykka renn ut!) og ein med tru, håp og kjærleik.




Brukte 60-tals-stoff til kanting. Det ein hadde faren min på butikken eg vaks opp på og som blei lagt ned i 1974.

På baksida blei det plass til barnebilde av den no vaksne dottera til venninda mi, eit amerikabrev sendt til den gamle onkelen på garden ein gong for lenge sidan, bokmerke med kong Olav og kronprinsesse Martha på, eit Lenin-merke (grett med litt av både det eine og det andre!) - og ein kvit-snipp-skjorte-knapp.


Under bilde er det sydd inn ei heklenål.

På sida er Jesus sydd inn i form av eit gammalt søndagsskuleblad. Venninda mi er prest..... Over - ein lommekniv!


Veska er på vei over fjellet i dag! Håpar den fell i smak og vekkjer minner hos venninda mi. Eg vil gjerne vera med å gle henne om dagen...

6 kommentarer:

Naturally Carol sa...

Hi Marian..what an interesting assignment to have! It is amazing what different interests and important items people have in their lives.

Bea sa...

Dette var en morsom idè!
En helt personlig Jubileumsveske.
Virkelig en idè å ta med seg videre, herved lagret på den kreative harddisken:)
Ha en fin søndag videre!
Beate

Sonja frå Sunnfjord sa...

Noko så artig!

emblas-kanel sa...

For en flott gave! Et meget spesielt kunstverk - denne veska får nok hedersplass. Så flink du er.
Ha ei flott uke.
Klem fra Eva :-)

Villblomsten sa...

Så morsom ide !
det ble superflott :-)

Hellohello baby sa...

Så utrolig flott den ble! Og beste kompisen til bestevennina di er kompisen min som jeg har bodd i "kollektiv" med i 1 1/2 år på Tøyen. Han skal nok i det 50 årslaget. Da skal jeg fortelle han at jeg vet hvem som har laget veska! :D Verden er liten. Bare å strekke ut handa, så tar man på noen som kjenner noen.....