Er veldig glad i gamle, "blaute" stoff. Denne lilla veska er sydd av eit sånt. Eigentleg eit nytt stoff frå "Helgjen" sin butikk! ( "Helgjen"=pappen min, han dø i 1981, butikken la ned i 1974).
Nokre skattar kom meg i hende den gongen...
Denne veska og sminkepungen er sydd av to av svigermor sine finaste kjolar...
Her òg er det brukt diverse gamle, blaute stoff, bl.a. eit dynetrekk og trekket på ein stol svigerforeldra mine hadde på soverommet. Har etterkvart skjønt at det er retro-stoff som er mest "in", men det finns mange andre fine stoff også! Eg blir aldri lei av stoff og syns det er godt å kjenna på og godt å sjå på. I dag har eg fått sydd litt påskepynt, men fekk ikkje teke bilde før det blei for mørkt, men då har eg kanskje ein plan i morgon?
1 kommentar:
Sånt koseligt innlegg! Kjekt med litt historie bak tinga!
Nydelige ting, liker denne stilen mye bedre enn retrostilen eg. Men det har du vel forstått.
Grått her i dag, var 1\2 time innom et loppemarked i dag. Så mye folk at det var heilt ufremkommelig, gav opp. men noe blei da med heim.
God helg! Klem,
Legg inn en kommentar