Totalt antall sidevisninger

fredag 11. mars 2011

FEMKANTBALL I SJETTE KLASSE

Eit av prosjekta eg har hatt med sjette klasse etter jul er å sy BALL av femkantar.



Elevane fekk ein MAL kvar og måtte teikna av og klippa ut 12 papp-mønster.

Så var det å velja stoff ifrå fillekassen!



Etterpå måtte ein klippa stoffa i femkantfasong - litt større enn mønsteret...


...og teipa stoffet fast med maskeringsteip.
Små sting måtte vi øva litt på, men jammen gjekk det greiare enn eg trudde!

Ikkje lett med tynn synål og lite auga når tråden skal gjennom!

Nesten ferdig....









...og heilt ferdige!


Mange fine resultat og glade fjes! - Det er nesten det beste med å vera lærar; å sjå dei gode fjesa til elevane når dei har fått noko til og er fornøgde! Gyldne øyeblikk kallast det...















6 kommentarer:

BO sa...

Flinke elever og flinke lærar!!! Takk for sist! Veldig kjekt! :-)
Skal senda deg bilete, men må redusera str. på dei -er VELDIG store!!! Kvinnheringen var nøgde! :-)
Ha ein gode fredag!
(Eg får spørra symannen i huset om han vil laga ein femkantball :-D).

emblas-kanel sa...

Ja,ikke sant! Så flotte de ballene ble, tror nok gjerne det var mange stolte barn når de stod med den ferdige ballen i hendene. Denne blir de nok å ta vare på.
Ha en fin fredagskveld. :-)

Bekka sa...

Så flotte de ble - koselig med inspirerende lærere og flinke og fornøyde elever!
God helg :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Flinke elevar du har som laga slike fine ballar! Smart å bruke tape!

Shus sa...

He he, eg veit korleis dei har det når resultatet er ferdig!!

Er spent på kva prosjekt du og Bodil har på gang:-)

Klems

Mira sa...

Så flinke elever! Husker eg lagde veske med sånne femkanter, men det var på ungdomskulen. Litt mindre femkanter enn til denne ballen. Og ja! det var putle med små sting.

Ønsker deg ei fin helg! Klem,