Av og til rotar eg gjennom den for kanskje å finna noko eg nesten har gløymt ut og som kanskje plutseleg kan vera kjekt igjen.
I dag kom eg over denne prøvelappen. Smale striper av stoff lagt ved sida av kvarandre og
sydd over med rettsaum. Litt kjekk teknikk for sånne som meg som nesten har problem med å hiva småbetar av stoff i det heile!
Kanskje kan det bli ei pute? Kanskje....men ikkje i kveld. No skal eg -ikkje kanskje, men heilt sikkert- kosa meg i sofakroken med eit strikketøy, rett og slett! - Ikkje rett og vrangt, allså!! Hehe.
1 kommentar:
Høyrtes veldi bra ut!! Eg måtte ha ein "time out" i dag. Har vore litt "masse" i da sista. Trengte å bare vera litt.
Kosa deg i sofaen!
Legg inn en kommentar