Eit av dei få lappeteppa eg har laga som er blitt FERDIG! Eg har aldri laga teppe etter ferdig mønster eller oppskrift. Syns heile spenninga ligg i det eg ikkje veit. Derfor planlegg eg heller ikkje så nøye korleis teppe skal sjå ut. Prinsippet her var å sy saman striper av stoff med blomar på, - helst småblomstrete, og at striper etter kvarandre skulle vera "i slekt",-at minst ein farge skulle gå igjen. Då eg skulle montera stripene saman prøvde eg å fordela dei raude felta og ikkje få like stoffstriper på sida av kvarandre. Det siste klarte eg ikkje heilt....
3 kommentarer:
Du lager så herlige ting med tonnevis av sjarm og personlighet. Elsker at det liksom er litt skeivt her og der mellom radene <3
Eg ler av ho som har flaggsnor, men ikkje flaggstang!!
No har eg plutseli mange puter her....
endeli. ditta har eg venta på :) du e flink:)
Legg inn en kommentar