Totalt antall sidevisninger

mandag 24. januar 2011

EIN LILLA DAG



Veske sydd av eit gammalt stoff frå "Helgjen" sin butikk, (pappen min heitte Helge, då).


Fann nesten berre lyselilla ting på "lageret" mitt.



Lilla glidelås og opphengsløkkja. Desse toalettposane syr eg av plast med "innputt" av "lommerusk" og gamle smykkedeler, frimerker og anna dill og dall...Egentleg ingenting av verdi, men eg diktar små historiar for meg sjøl når eg lagar dei.


Viss ein har ei sånn med toalettsaker når ein skal på flytur, slepp ein å pakka om!


Lilla puter har eg etterkvart laga ein del av, men ingen like!


Frå stoffhylla...




Dette fann eg på det forrige loppemarkedet eg var på.Gjett om eg blei glad!!! Kva syns du, KASPARA? http://kasparasregnbue.blogspot.com/


Jada, eg fann nokre lilla inspirasjonsbøker også.



Med dette bilde av det næraste eg kunne finna ein lilla solnedgong i mitt bildearkiv, avsluttar eg fargetema-blogginga. Eg syns det har vore kjekt og gjer det kanskje igjen seinare. Men no vil eg finna på noko anna - morgondagen vil visa kva det kan vera! Håpar "dåke" vil hengja med.









2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei, i dag fant jeg bloggen din, for en fantastisk fin blogg, du lager jo så mange fine ting. Så mye fine avstemte farger som var godt å hvile øyet på. Her legger jeg meg til som følger;) Kikk gjerne inn til meg på bloggbesøk også om du har lyst. Mvh Wilhelmines blogg.

Hellohello baby sa...

Elsker sånne gamle mønstrede froteedyner! Takk for dennegang til fargeblogginga. Jeg synes og det var kjekt!

Også har jeg lyst å være med på syklubb når jeg flytter hjem! Jenny og!