Totalt antall sidevisninger

mandag 20. desember 2010

Julabrevet er klart!



Tradisjon er viktig! Ein av dei viktigaste her i huset er å få ferdig - og sendt avgarde - årets JULEBREV. Det er ei slag oppsummering av året som har gått, formulert kort og grett sånn at det kan sendast til både gamle tanter såvel som gode venner. Før eg blei mor syns eg ein sånn måte å skriva julehelsingar på, var ganske kjedeleg. Men ting endrar seg, kan ein sei...Når ein har lyst å nå mange med nesten dei samme tinga og tida ikkje strekk til er det faktisk ein ganske grei måte. Når eg no antyda overfor resten av familien at eg kanskje ville kutta JULEBREVET, skal eg sei det blei ramaskrik!!!
Tradisjon er tradisjon, sånn er det med den saken.
I nokre av breva ligg eit lite "vedlegg": Juletre laga av pinnar frå Baronihagen, eller nøkkelring laga av små stoffbitar og ein liten dusk....
Har fleire produkt på lager, men det skal eg blogga om ein annan gong!


Ingen kommentarer: