Totalt antall sidevisninger

torsdag 11. november 2010



Hei - her er eg, som bloggar. Har lenge vore ein "skap-bloggar" som har kost meg inni denne fantastiske verda, kikka på fine interiørbilde, funne gode oppskrifter og blitt inspirert til å laga ting. Lenge tenkte eg at eg ikkje skulle bli hekta, men eg er jo det! Så derfor: Eg vil vera med - HEILT med.

I mitt "Blogglandia" vil eg dela litt av det som opptar meg: Interiør, skapande aktivitetar ( helst det eg lagar på symaskin ) og kanskje ein og annan smakebete frå kva ein time i Kunst- og håndverk kan innehalda.

Ofte seier eg at " Vi bur i eit eventyr", og med det landskapet vi er omkransa av, vil nok bloggen også bli farga av det!

Vi får sjå: Vegen blir til etterkvart ...

1 kommentar:

Hellohello baby sa...

Marian! Så koselig! Gratulerer med egen blogg! Jeg oppdaget ikke før nå at du har kastet deg uti bloggingen.

Bildet over er fantastisk nydelig, og du har helt rett; å bo i Rosendal er som å bo i et Eventyr.

Som eg gler' meg te' å flytta heim!!