Totalt antall sidevisninger

torsdag 9. mai 2013

Fin, gammal årgong...


 I dag fann eg fram denne gamle strikkejakka etter pappa. Mamma strikka den til han, truleg på 50-talet og den var sikkert mykje i bruk, for pappen min var ein skikkeleg koftemann! Han døydde i 1980 og då arva eg den,. Brukte den mykje utover på 80-talet, men så har den hengt i skapet i mange år. No fann eg ho fram fordi ein av yndlingsbloggarane mine, LivsLyst stadig er på koftejakt. Ja, eg har sendt bilde! No trur eg jammen jakka kjem i bruk igjen. Kan vera god og ha på seg på sånne vårdagar vi har no....


1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Nydelig jakke, i eit flott mønster.

Koselig at den kjem i bruk att.

God helg til deg og dine.