tirsdag 12. februar 2013

Bokmerkedag

Då har eg hatt meg ein raptus på symaskina. Det blei ein liten haug med bokmerker. Likar så godt å setja saman små stoffbitar i ulike fargar. Har ei stor korg der eg samlar småbitar - så små at eg eigentleg burde kasta dei, men er ein stoffoman så er ein stoffoman....
Litt perlepynt gjer susen....
Her ligg merke i "SY OM"-boka til Jenny Skavland. Ei fin og inspirerande bok allså! Ho kan det den damo!

Planen er å ha ei skikkeleg mengde når eg tek dei med på ein marknad. Inntil eg har det, ligg dei i presangskuffa mi.

1 kommentar:

  1. Kreativ som få, du Marian! Heldige dei som får slik å gåve!

    Ha ein fin fin tysdag!

    Klem frå Solveig

    SvarSlett